
I dag var eg (Magnus) som eg ofte er ute på ein morgon-surf før skulen. Det viste seg å verte ein morgon utanom det vanlege. Når me kom til stranda, som i dette tilfelle var Tallows, kunne me skimte ei rekke finner ute i vatnet. Så da var det berre å hive seg i uti og paddle ut. Få minutter etter at me var komne ut kom dei svømmande mot oss. Mellom 20 og 30 delfiner, alt frå gamle til små ungar, hadde etter kort tid omringa oss. Dei sirkla rundt og under oss, dei næraste berre ein halv meter frå oss. Dei holdt seg hjå oss i ca. 10 min før dei for videre nedover stranda. Ein opplevelse utanom det vanlege, og ein veldig fin start på dagen!
p.s. Bilete er berre for å illustrere




